Gaiding
Stiftinga Wittgenstein i Skjolden kan tilby gaiding på norsk og engelsk til Wittgensteinhuset over følgjande tema:
Wittgenstein sitt liv og virke på Skjolden, og kontakt med bygdefolket
Historia om Wittgenstein-huset
Bakgrunnen hans frå Wien og universitetet i Cambridge
Svært kortfatta om filosofien hans
Bestilling via guide@stiftinga-wittgenstein.no eller ved å fylle ut bookingskjema,
Om gaidinga:
Start og avslutning på guidinga er på parkeringsplassen ved Vassbakken Kro og Camping (viss ikkje anna er avtala).
Gaidinga varer totalt ca. 2 timar.
Gangtida til huset er ca. 30 minuttar.
MERK! Delar av stien er steinete og bratt. Bruk helst gode sko, gjerne joggesko med solid såle eller fjellstøvlar.
Pris for gaidinga
NOK 1600 pr. gruppe. Ei gruppe kan vere frå 1-25 personar
Betaling direkte til gaiden
Pris for inngang i huset
Dette blir betalt til Stiftinga Wittgenstein i Skjolden.
Dette gir tilgang til huset i 1 time eller så lenge den gaida turen varar. Det er ikkje mogeleg å overnatte i huset.
NOK 100 pr. vaksen person
NOK 50 pr. student/tenåringar
Barn: gratis.
Familierabatt: ved fleire enn 2 vaksne i same familie, er pris NOK 50 for nr. 3 osv.
Grunna avgrensa tilgang på guidar vil tenesta berre vere etter avtale i sesongen eller ved spesielle arrangement.
Kontaktinformasjon:
Ver gjerne ute i god tid med førespurnad eller bestilling på epost: guide@stiftinga-wittgenstein.no.
Meir informasjon ved Oddvin Sørheim, mobil +47 900 15 436.