Om oss

Føremål og visjon

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) er ei sjølveigande, privat stifting etablert i 2014 med fem partar. Kvar part er representert i styret med eitt styremedlem.

    1. Sikra kulturhistoriske verdiar etter Ludwig Wittgenstein sitt arbeid i Skjolden.

    2. Utvikla og forvalta eigedom og bygningsmasse relatert til eigedommen i « Østerrike» ved Eidsvatnet i Skjolden og gjennom dette medverka til lokal verdiskaping.

    3. Gjera kunnskap og historie om Ludwig Wittgenstein i Skjolden tilgjengeleg. Dette vil inkludera relevante nasjonale og internasjonale fagmiljø.

    4. Ta vare på antikvariske verdiar som er knytte til Wittgenstein sine opphald i Skjolden.

    Fyrste mål er å flytte det godt bevarte Wittgensteinhuset attende til grunnmuren der det i si tid vart oppført. I tillegg kjem arbeidet med utbetring av tilkomsten, reetablering av den handsveivopererte taubana for vassforsyning og å få informasjon på plass.

  • I eit meir visjonært syn ser me for oss at Skjolden, med huset til Wittgenstein som inspirasjon, kan utviklast til eit internasjonalt reisemål for mangearta opplevingar, basert på filosofi som tema.

    Dette med føremål innføring i humaniora, skape refleksjonar over vår livshaldning for unge og eldre gjennom studiar, filosofivandringar, sabattopphald og seminarar, alt knytte til den unike omgivnaden Wittgenstein fann i Skjolden; stilla ved vatn, fjord og fjell.

    Den visjonære fasen har stort potensiale. Realiseringa vil avhenge av ”å treffe” sponsorar.

Styret

  • Styreleiar: Eli Hansen Moen

    Styreleiar: Eli Hansen Moen

    elimhmoen@gmail.com

    Representerer: Skjolden Bygdelag
    Vararepresentant: Silvija Apeinane

  • Nestleiar: Jon Bolstad

    Nestleiar: Jon Bolstad

    bolstadjon@gmail.com

    Representerer: Skjolden Aktiv

  • Sekretær: Steinar Bøyum

    Sekretær: Steinar Bøyum

    steinar.boyum@uib.no

    Representerer: Universitetet i Bergen
    Vararepresentant: Simo Säatelä

  • Styremedlem: Geir Arve Sandvik

    Styremedlem: Geir Arve Sandvik

    geir.a.sandvik@eurosko.no

    Representerer: Luster kommune
    Vararepresentant: Stine Rebni Bjørk

  • Styremedlem: Vegard Bolstad

    Styremedlem: Vegard Bolstad

    vegard@bolstad.info

    Representerer: Part «Trygve Martinussen»

    Vararepresentant: Trygve Martinussen

Historikk i styret

    • Harald Vatne: nestleiar 2014-2022

    • Silvija Apeinane: vararepresentant 2021-

    • Eli Hansen Moen: styremedlem 2022-2024
      styreleiar 2024-

    • Jon Bolstad: styremedlem 2014-2022

      nestleiar 2022-

    • Vegard Bolstad: vararepresentant 2021-2024

    • Trygve Martinussen:
      styremedlem 2014-2020
      styreleiar 2020-2024
      vararepresentant 2024-

    • Oddvin Sørheim: vararepresentant 2021-2022

    • Magnar Bjørk: vararepresentant 2022-2024

    • Vegard Bolstad: styremedlem 2024-

    • Rune J. Falch: sekretær 2014-2025

    • Simo Säatelä: vararepresentant 2021-

    • Steinar Bøyum: sekretær 2025-

    • Ivar Kvalen (ordførar): styreleiar 2014-2019

    • Marianne Bugge: styremedlem 2019-2023

    • Ole Martin Bakken: vararepresentant 2019-2023

    • Geir Arve Sandvik (varaordførar): styremedlem 2023-

    • Stine Rebni Bjørk: vararepresentant 2023-

    I perioden 2014-2019 deltok kultursjef i Luster kommune, Erling Bjørnetun, som rådgjevar for styret.

Samarbeid

Ynskjer du å bidra? Les meir her: Støtt oss

Luster kommune står som eigar av tomta men har gjeve SWiS disposisjonsrett over området i 20 år frå 2016. Kommunen held forsikring for huset medan SWiS står for alt av drift.

Lokalt samarbeidar SWiS med dei ulike aktørane innan turisme m.m. i Skjolden, eksempelvis ved at SWiS har utarbeidd og produsert marknadsføringsmateriell, sjå brosjyre.

Turen til og frå Wittgensteinhuset er ein viktig del av opplevinga for gjestene våre. For å hindre forfall av dei historisk landbruksrelaterte bygningane langs turvegen, har me inngått avtalar med to av grunneigarane. Stiftinga har fått stilt husa til disposisjon mot å ta arbeidet med å hindre forfall.

Eit av desse husa, tilhøyrande Monica og Simon Page, blir i 2022 innreia med historisk informasjon om både attendeføringa av Wittgensteinhuset og om den historiske landbruksverksemda i området. SWiS har invitert Luster Sogelag til samarbeid om dette.

Årleg blir det arrangert Wittgensteinseminar ved Walaker Hotel i Solvorn. SWiS medverkar her med beretning om attendeføringa av huset og ved guiding ved utfarten til huset.

Universitetet i Bergen har ymse ekskursjonar og arrangerer i 2022 om anna seminar ved Skjolden Hotel i nær kontakt med SWiS.

Internasjonalt følgjer me Wittgenstein Initiative i Wien med Radmila Schweitser som leiar og med Knut Olav Åmås i styret, sjå wittgenstein-initiative.com.

Stiftinga har eigen samarbeidsavtale med Luster Sparebank. Banken yter tilskot til den ordinære drifta vår og til nokre arrangement. Stiftinga på si side marknadsfører prinsippet «bruk den lokale banken», ein særs verdfull aktør i lokalmiljøet og med gode, profesjonelle tenester for kundane.