Wittgensteinbåten
Heilt naudsynt var det for Wittgenstein å ha båt for åtkomst til og frå Skjolden. Anlegget i “Østerrike” ville ikkje vera komplett utan ein båt på vatnet.
I vårt søk etter båt fekk me fleire tilbod, m.a. om ein svært gamal og staseleg sognefæring frå familieeigedomen Svaboe på Nes. Men her var naudsynt med ein god del restaureringsarbeid. Dessutan insisterte Harald Vatne på at me måtte ha ein strandebarmar, det hadde aldri vore sognefæringar på Eidsvatnet. Harald fekk tak i ein gamal, god båt i Framfjorden. Han henta båten der den 8. juni i 2019, og sidan har han lege fortøya ved Eidssida av Eidsvatnet, og dermed tett ved fylkesveg 55 der Harald kan sjå den godt frå bustaden sin. Harald følgjer med på (nesten) alle som stansar og tek bilete av båten der den duvar på Eidsvatnet med Wittgensteinhuset og den mektige fossen fjernt i bakgrunnen. Wittgensteinbåten er utan tvil den mest fotograferte robåten i Norge, hevdar bebuarane ved Eidsvatnet.
Stiftinga er ikkje offensive for å leige ut båten. Dette grunna ansvar for tryggleik og administrasjon, og risiko for skade på båten. Tidlegare har skjedd at båt utlegd til turist på leirplassen har kome for nær osen og blitt teken av elva og ført ned til fjorden. Båten er sidan 2019 brukt berre eit fåtals gonger. Båten har installert lensepumpe for 12 volts batteri. Dette har sikra båten sommaren igjennom utan behov for opplading.
Båten inkl. hentekostnadar er sponsa av Inge T. Martinussen (1937-2023), Oslo, født i Luster.
Historisk bruk av båten i Framfjorden
Båten er gamal og spesiell og har si eiga soge. Tidlegare eigar Bjørn Straume (f.1946) frå Vik fortel at faren, Ragnvald Straume, kjøpte båten i 1937. Båten var då ny eller nesten ny, men me er ikkje sikre på opphavet. Båten hadde mast og segl som faren nytta fleire gonger. Båten er utruleg lett å ro, og ein verdig representant for dei fagfolka som bygde han.
Båten blei brukt i gardsdrifta i Framfjorden. Viktigaste aktiviteten var frakt av ved og høy frå skogteigar og slåttemarker i nærområdet. Bjørn hugsar og fisketurar på fjorden. Dei fiska makrell om sommaren, og sei om hausten, og elles det som ville ta kroken. Han hugsar at dei ein gong fekk ein torsk på 12 kilo. I barneskulealder leikte ungane dampbåt i rute, og rodde frå kai til kai i Framfjorden. Om søndagane vart han av og til nytta til kaffiturar. Då rodde dei kanskje til “Havaii”, eit fint nes eit stykke ute i fjorden.
Tekst: Trygve Martinussen
Foto: Trygve Martinussen