Utmarksløa

Spaserturen i landbrukslandskapet inn mot Wittgensteinhuset

Å koma til Wittgensteinhuset skal vere ei god oppleving. Spaserturen inn er ein del av dette.

Grafikaren Arild Yttri med røter i Fortun har laga ein serie på i alt 18 koparstikk for syning av forfallet av utmarksløene i Mørkridsdalen. Arbeidet blei utstilt på «Høstutstillingen» i Oslo 2020 der det fekk pris for beste grafiske arbeid av Fondet for Norske Grafikere.

Stiftinga Wittgenstein i Skjolden ønskjer ikkje at våre gjester skal sjå samanbrotne, tapte bygg på vegen inn til W-huset. I våre vedtekter heiter det at me skal ta vare på kulturverdiar i Skjolden utover W-huset. Dette omfattar m.a. tre landbruksrelaterte bygg i dette vakre landskapet.

Det eine av desse er den store utmarksløa som ligg tett ved vegen inn til W-huset.

Foto: Trygve Martinussen

Bileta syner løa før og etter at stiftinga overtok løa. Før -med det dominerande tilbygget, den næraste delen med bølgjeblekktak - no i opphaveleg omfang og original arkitektur.

I det følgjande syner me glimt frå arbeidet som er gjort med løa i perioden 2023-2025.

SWiS har avtale med eigarane Simon og Monica Page om å få overta løa for eige bruk mot å ta ansvaret for vedlikehaldet.

Det grunnleggjande mål for prosjektet var å berge permanent eit viktig kulturminne for all framtid. Dette ved strakstiltak som utbetring av taklekkasjar og attendeføring av bygget til originalarkitektur. Etter behov: styrking av berekonstruksjonen og utbetring av taktekkinga.

Dernest, innreiing for eigne behov som etablering av lagerrom og høveleg informasjonsplass ved gaiding av grupper. Dessutan bruke løa som naust, dvs. vinteropplag for W-båten og for lagring av restmaterialar etter W-huset.

Foto: Lars Frellumstad

Start på prosjektet med frigjeringa av tilbygget, kutting av åsane.

Foto: Lars Frellumstad

Perfekt “landing” - ikkje noko av attståande panel øvst på gavlen vart øydelagt. Bygget klargjort for dugnadsrydding og rekonstruksjon av gavlveggen.

Foto: Trygve Martinussen

Vidar – uredd takarbeidar med plastring av mønsåsen med bølgjeblekk.

Foto: Trygve Martinussen

Gode materialar for gjenbruk

Foto: Lars Frellumstad

Hal i og dra! Tilbygget trekt over ende av fire sterke karar frå dugnadsgjengen.

Dette etter demontering av nedre del av panel for gjenbruk.

Mykje å ta fatt i! Kosting av mose, støv og forvitra cellulose synte stor forskjell før og etter. Den sølvgråe, elda panelfargen kjem reinare fram, skal stå godt til hårfargen (!).

Fortent takk med dugnadsmiddag på Vassbakken.

Monty Martinussen, Kim Dutton, Ole Marius Manskow Løken, Jon Bolstad og Trygve Martinussen.

Nye bølgjeblekkplater på den opphøgde delen av taket haust 2025.

Dessutan har Simon Page plassert tre pallar med supplerande skiferheller frå stabburstaket på garden sin for seinare restaurering av taket her.

Foto: Trygve Martinussen

Foto: Jon Bolstad

“Handy” og sporty dugnads/venegjeng med snittalder tett oppunder dei 80: Vidar Hovde, Ragnar Steen, Lars Frellumstad, Trygve Martinussen, Jan Oluf Hagen og Terje Lium.

Bilete teke av- og publisert av Riksantikvaren på deira heimeside 13. mai 2022.

Riksantikvar Hanna Geiran personleg oppmoda oss innstendig om å opprette prosjekt for berging av denne løa. Slike ønskjer får konsekvensar for oss…

Foto: Jan Nyberg

Barfotarkitektur

Interessant funn: Jan Nyberg vart inspirert og utførte i etterkant verdfull ivaretaking av granneløa, tilhøyrande «Larsagarden». Her fann han denne `arkitektteikninga`, rissa på ei fjøl. Den syner tilbygget utført på Larsaløa, datert 1956. Vakkert riss på utsøkt trestruktur.

Vegard Bolstad t.v. takkar dei to nye dugnadsdeltakarane, Jostein Fjøsne og Kjell Eide.

Foto: Kristin Devor

Mann med sag

Arbeidet tett ved vegen til W-huset ga godt høve til mang ein god prat med folket til og frå W-huset. Ei av dei interesserte var Kristin Devor, profesjonell fotograf, sjå devorfoto.no. Ho spurde om lov til å fotografere, og sendte dette bilete i retur. Ho ga motivet det hemingwayske namnet “Mann med sag”. Ho fekk vilkårslaust løyve til publisering og sal!

Steinhellegolvet på plass. Jan Nyberg med halvferdig lagerrom samt rommet synt nær ferdig.

Rett hjelp ved Troels Fuglsang Rosenkrantz.

“Katedralplassen” i løa.

Kjærkomen plass – spesielt i regnvær - for informasjon innan oppstigningen til W-huset for guida gjestegrupper. Vær so god, ta plass!

Tekst: Trygve Martinussen

Takk for økonomisk støtte frå