Filosofen og Skjolden

Ludwig Wittgenstein besøkte Skjolden fem gonger. Den første og den fjerde gongen var dei lengste opphalda.

  • 17. oktober 1913 til juni 1914

  • August til tidleg september 1921

  • Tre veker sommaren 1931

  • August 1936 til desember 1937

  • Oktober til 13. november 1950

Hausten 1913, 24 år gammal, drog Ludwig Wittgenstein frå eit akademisk liv i Cambridge og til Noreg for å få ro til å arbeida med logikken.

Ferda enda i Skjolden innerst i Sognefjorden der fabrikkeigar Hallvard Drægni hadde skaffa han husrom hos søstera si som var gift med postopnar Klingenberg.

Medan Ludwig budde i Skjolden vinteren 1914, skreiv han på ei filosofisk avhandling med tittelen Tractatus Logico-Philosophicus (1921). Ludwig budde i bygda til slutten av juni 1914.

I fjellsida over Eidsvatnet får han sett opp eit lite hus som sto ferdig hausten 1914. Han bur som regel i huset sitt når han er i Skjolden.

Siste gongen blir hausten 1950, 37 år etter første besøket. Han skriv at han ikkje kan arbeida så godt nokon stad som i Skjolden.

Oppvekst og ungdomstid – 1889-1913

Ludwig Wittgenstein (1889-1951) er fødd som yngste son i ein av dei rikaste familiane i Austerrike på den tida.

Faren har slått seg stort opp innan stålindustrien, og dei bur i eit stort palass i Wien. Han har sju sysken. Musikk var alltid ein stor og viktig del av livet for Wittgenstein. Han lærer seg å spele klarinett på eiga hand, han spelar piano og han er ein særs habil plystrar.

Då Wittgenstein blir 14 år, flyttar han til Linz for å gå på gymnaset.

17 år gamal reiser han til Berlin for å studere til ingeniør. Han vart tidleg oppteken av kunsten å fly, og 19 år gamal reiser han til Storbritannia og Derbyshire for å studere flymotorar og propellar. Deretter nye studiar i Manchester før han blir student i matematikk ved Cambridge, 22 år gamal. Gjennom Bertrand Russel og Gottlob Frege får han interesse for filosofi. I 1912, etter eitt år som student under Russel, ber han Russel om å vurdere om han har evna til å bli filosof. Viss ikkje, vil han slutte med filosofi og bli flygar. Seinare blir han genierklært som filosof av Russel.

Møtet med Noreg – 1913

I september 1913 reiste Ludwig med Cambridge-vennen David Hume Pinsent til Øystese i Hardanger på ferie/jobbreise. Dei fekk begge eit særs positivt møte med Noreg der dei fekk fred og ro til å arbeide med logikk og juridisk stoff.

Tilbake i Cambridge tidleg i oktober proklamerer han for Russel at han skal busetje seg i Noreg og løyse alle problem i logikken. Når Russel seier at det vil bli mørkt, svarar han at han hatar dagslys. Han vil heller vere einsam enn å selje sjela si ved å snakka med intelligente menneske. Russel er uroa for at han vil bli gal, men då hevder Wittgenstein at Gud vil verne han mot å bli normal. Wittgenstein er fengsla av stilla og naturen i Noreg, og det passar han godt å ikkje ha menneske tett innpå seg. Han må tilbake til Noreg for å klare å arbeide i fred.

Ein fuktig og vindfull dag midt i oktober 1913 går han i land i Skjolden. Her blir han teken imot av ordførar og industrimannen Halvard Johan Thomasson Drægni (1869-1950). Drægni er på denne tida landskjend som «Saftkongen frå Sogn». Kontakten med Drægni har Ludwig fått via den austerriske-ungarske konsulen og handelsmannen Jacob Valentin Kroepelien jr. i Bergen. Sønene Bjarne og Trygve Kroepelien er mykje i Skjolden og Turtagrø for å klatra i Hurrungane, og Turtagrø Hotell handlar både kolonialvarer og vin frå Kroepelien sitt firma.

Drægni har ordna rom i det nye nabohuset der systera til Halvard, Sofia Klingenberg (1879-1953) bur saman med mannen Hans Klingenberg (1874-1938) og dottera Kari (1907-1991). Hans Klingenberg er både direktør for iskompaniet (is til kjøling av matvarer) samt postopnar på Skjolden. Ludwig får leige arbeidsrom i første etasje og soverom i andre etasje, begge med førsteklasses fjordutsikt. Tida i Noreg frå oktober 1913 til sommaren 1914 skal bli av det mest produktive slaget. Dei mange og varme breva mellom familien og Ludwig i åra etter det første besøkt, vitnar om nære relasjonar. Sofia tek Ludwig imot med opne armar og ser på han som sin eigen son.

Huset i «Østerrike» - 1914

I 1913 er Skjolden ein travel plass, mellom anna som knutepunkt for båttrafikken frå Bergen og vidare transport over Sognefjellet til Lom.

Dette første året i Skjolden, og særleg dei første månadane blir særs produktive for Ludwig. Ludwig har allereie lært seg dansk for å kunne lesa Søren Kierkegaard på originalspråket, og han les «Brand» av Henrik Ibsen før han kjem til Noreg. Sjølv om han pratar engelsk til dei fleste han møter, lærer han seg tilstrekkeleg norsk dette første året til å skrive kort og brev til vennene i Skjolden. Særleg bannord set han pris på å bruke. Gamle-Galden, skreddar og ein god venn, er særs religiøs og vil overtyde Ludwig til å slutte å banne. Svaret frå Ludwig er at Gamle-Galden sjølv vil få stort utbyte og glede av å banne litt meir for å få ut djevelskapen.

Påska 1914 får Ludwig besøk av vennen George Edward Moore, aka G. E. Moore (1873-1958) frå Cambridge. Ludwig møter Moore i Bergen, og saman reiser dei vidare til Skjolden. Ein tur frå Bergen til Skjolden tok mellom 20-40 timar avhengig av kva måte ein reiste på. Ludwig snakkar og Moore skriv, berre avbrote av Afternoon Tea. Notata til Moore samt jamleg brevutveksling med Russel og Keynes, blir starten på boka «Tractatus Logico-Philosophicus», ofte kalla berre «Tractatus».

Posthuset til Klingenberg ligg midt i sentrum og dermed får ikkje Ludwig nok arbeidsro til å tenkje i fred. Han startar derfor planlegginga av eit eige hus i Skjolden. Av tre alternative plasseringar fell valet på Neshaugane, seinare berre kalla «Østerrike» av dei lokale. Han får hjelp av Halvard Drægni til å skaffe dei beste byggjemateriala; kjerneved frå Frønningen. Ludwig er oppteken av detaljar ved huset, og han både planlegg og teiknar huset. Huset må ha god kvalitet og vere nyttig og funksjonelt utan dekor eller utsmykking. Då Ludwig tykkjer huset vart dyrt, svarar Drægni enkelt og greitt – «du sa du ville ha det beste».

Ro og stille er viktig for at Ludwig skal få arbeide, og han ber på eit tidspunkt Halvard Drægni om å skaffe han ei lydlaus klokke som ikkje tikkar. Drægni meinte det ikkje finst. I januar 1915 kjem det ei klokke frå Ludwig til familien Halvard Drægni med så tjukke glas at ein ikkje kan høyre ein lyd.

Arne Drægni

Arne Drægni

Arne Drægni (1871-1946) er den vennen i Skjolden Ludwig seier han setter høgast.

Han er ein yngre bror til Halvard, ugift, postførar og skysskar. I 1912 kjøpte han eit gamalt butikkhus frå Fortun, og det flytta han ned til Skjolden på tomta faren hadde gitt han. Arne og Ludwig har mange gode samtalar, både heime hos Arne og vandrande i nærområdet. Arne er ulik broren Halvard på mange måtar. Han har sterke meiningar om det meste. Han seier heller ikkje nei til ein dram eller to, medan broren er avhaldsmann. Arne er uredd og sta, og kvir seg ikkje for å reise ut med hesten til iskanten for å hente posten som kjem med skyssbåten. Og ein gong der isen brest under han og hesten, blir det dobbel betaling for den som bergar postveska enn for Arne.

Første verdskrig – 1914-1919

Ludwig reiser frå Skjolden i slutten av juni 1914, nokre månadar før huset står ferdig. Planen er å reise tilbake til Skjolden for å bu i det nye huset sitt.

Då krigen bryt ut i slutten av juli 1914, går det berre 10 dagar før han frivillig vervar seg til krigsteneste for Austerrike-Ungarn. Sjølv om Wittgenstein kunne fått fritak frå krigen grunna brokk, blir det personleg viktig for han å bidra. Han ber sjølv om å få vere ved fronten for å få nye utfordringar. I 1916 sluttar han å kommunisere gjennom brev. Han les Tolstoj sine korte tekstar om evangelia, noko som både endrar livssynet og reddar livet hans. Han kjenner den materielle rikdomen som ei stor byrde. Då han blir skada og kjem på krigssjukehus, vil han takke legen Max Bieler ved å gi han noko; enten huset i Skjolden eller ein Waterman fyllepenn. Legen vel pennen.

Vennen David Pinsent dør som testpilot under krigen, og Wittgenstein sørger tungt. Han vurderer å ende sitt eige liv, slik tre av brødrane hans har gjort. Seinare blir han sjølv teken til fange i Italia. Familien og andre mektige vener prøver å få han frigitt, men han avslår. Han vil ikkje vere fri før alle fangane er frie.

Han vil ikkje behalde noko av farsarven sjølv. Etter krigen gir han bort heile formuen sin, noko til gode formål, og resten fordeler han til broren Paul og søstrene Hermine (1874-1950) og Helene (1879-1956). Dei er allereie øydelagde av for mykje pengar. Vennen Arne Bolstad arvar huset i Skjolden, noko Arne får informasjon om gjennom eit brev til Halvard Drægni i 1919. Ludwig er nedbroten etter krigen, og meiner at han aldri meir ville komme tilbake til Skjolden. Han startar deretter på lærarskulen i Austerrike.

Tilbake til Skjolden – 1921

Sommaren 1921 kjem Ludwig på feriebesøk til Skjolden saman med familievennen Arvid Sjögren. Ludwig er no fattig lærarstudent, og ber Halvard Drægni om hjelp med skyssen frå Rotterdam til Bergen og Skjolden.

Drægni er også med båten frå Bergen, men dei reiser ikkje lenger på same klasse. Drægni ber likevel dei to mennene opp til middag på første klasse under turen. Dei bur i huset i «Østerrike» under opphaldet, og besøkande får ofte servert te, kjeks og kanskje litt eple. I Skjolden får dei to mennene jobb på saftfabrikken til Drægni. Fordi veldig mange lokale er utan arbeid, kjem Drægni i konflikt med både fagforeininga og sosialistpressa grunna dette. Ludwig og Sjögren merkjer nok ikkje dette. Då dei vil tilverke lokka til bærstampane på sin eigen lettvinte, men farlege måte, set arbeidsformannen ned foten for vidare produksjon av den typen lokk.

Etter sommaren i Skjolden jobbar Ludwig som lærar på landsbygda i Austerrike. Seinare jobbar han både som gartnar og også arkitekt for søstera Margaret Stoneborough-Wittgenstein (1882-1958) sitt nye hus i Wien. Etter utgivinga av Tractatus i 1921 blir Wittgenstein ein kjendis i det akademiske miljøet. Men Wittgenstein endrar haldninga til boka i løpet av 1920-talet, og føler seg misforstått av miljøet. Våren 1929 kjem han derfor tilbake for å jobbe i Cambridge. Ein kollega ved Universitetet uttalar til kona: «I dag har eg sett Gud. Han kom med 3.10-toget».

Arne Bolstad – han som får huset

Arne Bolstad (1899-1972) blir godt kjend med Ludwig under det første besøket, og dei mange breva mellom dei vitnar om eit livslangt vennskap.

Å få huset i «Austerrike» er ei stor, raus og særs uventa gåve, og Arne ser nok meir på seg sjølv som ein forvaltar enn eigar av huset. At Arne får huset, kjem seg nok mest av at han er son til grunneigaren Johannes J. Bolstad (1843-1930). Arne bur aldri sjølv i huset i «Østerrike», men tek over huset etter foreldra. Han takkar Ludwig skriftleg for den store gåva, og skriv at Ludwig må sjå på huset som sitt eige kvar gong han er i Skjolden. Arne er småbrukar, gartnar og han spelar godt både fiolin og på sag. Han giftar seg aldri, sjølv om andre prøver å gifte han bort til passande kvinner.

Når Ludwig bur i huset, får Arne lov til å koma på besøk. Avtala er at han stilt skal setje seg på ein stol rett innanfor ytterdøra og venta heilt til han blir snakka til. Slik kan Ludwig arbeide i fred og vere sosial når han er klar. Nokre skjoldingar ser på Ludwig som ein kvinnehatar; han snakkar sjeldan med kvinner, han diskuterer aldri filosofi med kvinner og det kan sjå ut som han ikkje vil ha noko med kvinner å gjere i det heile. Det vekkjer derfor særleg stor undring då han vel å ta med seg Marguerite til Skjolden nokre veker sommaren 1931.

Arne Bolstad med søstera Maren Susanne og tenestejenta Irene Hansen
Marguerite Respinger på Eide gard

Kjærasten Marguerite og sommaren i Skjolden – 1931

Det er hardt for Wittgenstein å reise frå Wien og sin sveitsiske kjæraste Marguerite Respinger (1904-2000) til fordel for jobb ved Cambridge i 1929.

Han saknar ho sårt, og ønskjer av heile sitt hjarte å forelske seg i ho. Ludwig har framleis eit håp om å få gifte seg med Marguerite sommaren 1931, og inviterer ho med seg til Skjolden på ferie. Nokre kjelder seier at dei var trulova, andre at han berre vurderte det. Marguerite bur hos Anna Rebni og hotellet på Eide gard medan Ludwig bur i huset, litt åleine og ei veke saman med sin nære venn frå Cambridge, Gilbert Pattison. For Ludwig er det viktig at Marguerite og han brukar tida i Skjolden kvar for seg, sjølv om dei skal planleggje ei felles framtid.

Under dei to vekene Marguerite er i Skjolden, ser ho lite til Ludwig. Ho badar gjerne i fossen i nærleiken av «Østerrike» for å få Ludwig interessert og kanskje litt sjalu, men utan hell. Forhaldet tek slutt etter sommaren då ho reiser rett frå Skjolden til søstera sitt bryllaup i Roma. Ho giftar seg seinare med Talle Sjögren, broren til Arvid Sjögren. Ein time før bryllaupet står på nyttårsaftan 1933, kjem Wittgenstein til Marguerite og ber ho om å gifte seg med han i staden for. Marguerite avslår tilbodet.

Anna Rebni

Sjølv om Ludwig oppsøkjer Skjolden for å få fred og ro, har han også sterke og ekte behov for menneskeleg kontakt og samvær.

Men han vil ikkje omgi seg med kven som helst, og han omgir seg helst med folk frå dei litt høgare sosiale lag i bygda. Anna Rebni (1869-1971) tek over som styrar av Eide gard i 1925, og ho blir ein nær venn og samtalepartnar for Ludwig så lenge han lever. Ho er ei av få kvinner Ludwig ønskjer å føre samtalar og diskusjonar med. Frå huset sitt kan han sjå bort på Eide, og han stikk ofte innom ho.

Anna er utdanna lærar, kan fleire språk og jobbar som lærar i Oslo fram til 1920. Ho er ei tøff, sterk eldre dame som slit mykje gjennom heile livet. Som Ludwig er ho spesiell og uvillig til å drepa dyr.

Anna styrer både gardsdrifta og overnattingsbedrifta «Hotellet», og ho kan vere travel. Ludwig mislikar det sterkt viss ho ikkje prioriterer han øvst når han stikk innom. Han kan også la seg provosera av ho. Ludwig tykkjer ikkje noko om den gamle og rustne vassausa ho har ved vasstønna si, og han skaffar ho ei ny.

Då Anna likevel held fram med å bruke den gamle, blir han arg og tek den ut på tunet for å kasta den så langt vekk han kan. Dei held nær kontakt via brev i tida Ludwig er andre stader enn i Skjolden, og breva ber preg av varm omsorg og nært vennskap.

Skjolden 1936-1937 – det lengste opphaldet

I august 1936 reiser Ludwig frå sin nære venn Francis Skinner i Cambridge for å bu og jobba i huset ved Eidsvatnet.

Her er han heilt fram til desember 1937, berre avbrote av korte turar til heimlandet og Cambridge. Han skriv ei nær og personleg dagbok i kodeskrift under denne tida. Skrivinga er ein lang og hard prosess med manuskript fulle av overstrykingar, understrekingar, innskot og talrike tekstvariantar. Han får utført stort arbeid her og skriv ein fjerdedel av «Filosofiske undersøkingar». Dette vart det einaste arbeidet med boka han kjende seg heilt tilfreds med og ikkje trengde å gjere endringar på.

Samstundes slit han med eigne tankar om seg sjølv, både angst og sjølvforakt, og han er ambivalent til det å leva. Som svar på eit brev frå Moore hausten 1936, skriv han at sjølv om det er kaldt, er det tørrare og varmare enn i England, og at han ikkje kan førestilla seg at han kunne ha arbeidd nokon stad slik han gjer i Skjolden. Han uttalar at han hadde det «over ordentleg godt her!». Men han saknar Skinner og det å vere nær andre menneske.

Ludwig og Francis Skinner

Francis Skinner (1912-1941) er matematikkstudent inspirert av Wittgenstein, og han knyter seg ukritisk og totalt til han.

Skinner tek ein matematikkgrad ved Trinity College i Cambridge og jobbar deretter saman med Wittgenstein. Dei har både eit profesjonelt og eit seksuelt forhold. Skinner noterer under diktering frå Wittgenstein, men han tek også aktivt del i utforminga av teksten «The Pink Book». Skinner er fødd med osteoporose. Han får polio og døyr under andre verdskrig. Det går hardt inn på Wittgenstein som har halde han litt meir på avstand dei siste åra han lever. Først når tida går og Wittgenstein får ting på avstand, ser han tydeleg kven som er viktige i livet hans. Menn som Ludwig finn tiltrekkande, er ofte pene, intelligente, audmjuke, sensitive og lite brautande. I tillegg til Skinner er han tiltrekt av David Hume Pinsent og Ben Richards (og kanskje fleire?).

Dei lokale kallar han «østerrikaren», og han blir ofte sett vandrande att og fram på balkongen høgt over vatnet. Ludwig brukar parafinlampe, og han sløkkar lyset tidleg kvar kveld. Han har eigen kredittkonto i butikken til Drægni og privat avtale om levering av varer kvar laurdag. Likevel reiser han ofte sjølv ned til bygda for å handle. Han er den første til å krysse Eidsvatnet på ski om hausten, oftast berre nokre få dagar etter at isen legg seg. Elles tek han seg som oftast til Skjolden ved å ro over vatnet i båten sin, og når elva er låg kan han vade over og sykle. Han besøkjer som oftast Anna Rebni, Arne Drægni, Jon Galde eller Arne Bolstad.

Fjellsidene er for bratte til å gå rundt, og Ludwig har som regel god oversikt over kven som kjem. Men ein gong ein lokal bonde går forbi huset på veg opp for å sjå til dyra sine ved Hjerseggi, så kjem Ludwig farande ut. Han ropar at no har bonden uroa han i arbeidet og at det vil ta 14 dagar før han får tilbake tanken han hadde hatt før bonden kom. At nokon kan ha det å tenke som eit arbeid, står fram som ganske fjernt frå kvardagen til dei lokale. Men sidan han har mektige venner i Skjolden, får han respekt hos bygdefolket. Dette til tross for at han blir sett på som ein raring. Han kan ha lange samtalar med ei beitande ku, og nokre gonger går han rett forbi folk utan å helse. Det lengste opphaldet i Skjolden avsluttast 12.desember 1937.

Skjolden 1950 – det siste møtet

Saman med sin nære venn Ben Richards er han i Skjolden fem veker i oktober-november 1950. Huset i «Østerrike» hadde vore samlingspunkt for dei lokale under krigen, og dei startar besøket med å fjerne Arne Bolstad sine flagg, motstandsplakatar og liknande frå veggane.

Hallvard Drægni dør i oktober, og Ludwig deltek mest truleg i gravferda. Dei første vekene bur dei i huset i «Østerrike», men der er det kaldt og Richards blir sjuk.

Etter at Richards må oppsøkje legestua i Luster med bronkitt for andre gong, flyttar dei inn hos Anna på Eide Gard. Ludwig ga Richards «Brand» som lesestoff under sjukeopphaldet, fortalde distriktslege J. Devold om etterpå.

Ludwig er sjølv alvorleg sjuk under dette siste opphaldet. I november 1949 fekk han påvist prostatakreft. Han skriv eit brev til Malcolm at «Skjolden er den einaste staden eg veit om der eg kan få verkeleg ro.»

Etter den aller siste avreisa frå Skjolden 13.november 1950, prøver han å organisere ein ny tur tilbake allereie i januar. Å halde eit stort hus ope i januar månad krev mykje arbeid og energi til oppvarming. Anna er no over 80 år, dårleg til beins, Ludwig er alvorleg sjuk og Anna ber han kome att til våren. Arne Bolstad skriv at han kan skaffa han eit anna hus å bu i for vinteren, men Ludwig må stadig utsetje reisa fordi han ikkje er i god nok form.

Ludwig Wittgenstein dør i Cambridge 29.april 1951.

Besøke huset? Sjå korleis