Husmannsløa
Tekst og foto: Trygve Martinussen. Fyrst publisert i magasinet Kulturarven, nr. 100, juni 2026.
Eit miniprosjekt tett på filosofisk kulturhistorie
Kor lite skal eit bygg vera, før ein kan sei at dette er ikkje verd å ta vare på? «Vraket» på 4 m2 hadde ingen bruksverdi og var på full fart ned i 2013. Ei fyrstikk er løysinga, tenkte folk flest.
Løa har i alle år stått som ein vegvisar til tomta der den verdskjende austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein bygde seg hus i 1914. Han trakk seg attende til Skjolden dette året for å finne arbeidsro her for filosofisk arbeid. Han etablerte seg som ein av dei mest betydningsfulle filosofane på 1900-talet, sjå gjerne www.stiftinga-wittgenstein.no.
Atkomstvegen til det no freda området med det attreiste Wittgensteinhuset – også det freda - går tett forbi denne vetle løa. Løa er i seg sjølv eit kulturminne, eit minnesmerke over kor lite eit hus som skulle til for å berge livsnaudsynt avling for sau og geit frå lauving.
Løa - støtta opp for berging i 2013 klokka fem på tolv
Bakgrunn og mål
Underteikna var på Wittgensteintomta første gongen i 2013. Løa sto då på vippen og trygla om hjelp. Førstehjelpa var å få tre støttestolpar på plass. Soleis klarte ho seg også gjennom den snøtunge vinteren 2014/15, men no hasta det veldig med tiltak.
Første utfordringa var å finna fram til eigaren, Oddvar Johan Bolstad. Med mange hus å ta vare på kjem denne uanseelege uteløa ikkje høgt opp på prioriteringslista. Økonomi og tid er velkjende knappe ressursar i landbruket, alle bygg kan diverre ikkje ivaretakast.
Grunneigaren var svært positiv til initiativet. Målet var å gjennomføre «livberging» ved eit kortvarig skippertak. Saman med meg hadde eg til disposisjon min gode ven Jon Tuveng (nypensjonert gynekolog og tømmmerhusentusiast) klar til å ta tak i tre dagar. Vidare hadde eg tinga 1,5 dagsverk med fagleg bistand. Oppattføring som originalt og med mest mogeleg gjenbruksmaterialar var filosofien.
Attende til start, total demontering var naudsynt.
Gjennomføringa
Første tiltak var, saman med eigaren som også hadde ei samanbroten løe i Mørkridsdalen, å trekka ut brukbare gjenbruksmaterialar med traktor frå ruinane av denne løa. Supplering av brotheller for taktekkinga blei også teken med i tilhengaren.
Første steg etter ryddding av plassen med vindfall mm var å ta ned hellene frå taket. Ein mann på det livstruande taket med pill råten mønsås for å feste stropp i hellene, ein som kontrollerte nedfiringa av hellene på motsatt side og tredjemann tok imot hellene nede på bakken.
Målet med arbeidet første dagen var demontering av panel men med attståande reisverk for synleggjering av konstruksjonen for fagmannen neste dag før rekonstrueringa.
På kveldstid første dag nådde dugnadskarane også å dra med hengar til Sønnesyn Sag der me hadde full tillit frå eigaren Einar for sjølplukk av dei rette supplerande materialane.
Tysdag morgon ankom den naudsynte faglege hjelpa, Håkon Skrindo, utdanna sivilingeniør. Håkon har større dragning i arbeidslivet mot lafting enn pc-arbeid. Han driv eigen verksemd på Gol med leveranse av laftebygg.
Løa var oppført med kraftige panelbord på reisverk. Men øvste del av den eine gavlveggen var lafta, truleg stubbar av gjenbrukmaterialar frå anna hus. Til tross for langt komen overflateråte i splintveden ville me legge den vesle laftetrekanten attende som han var. Erfaringa frå andre restaureringsprosjekt Luster har synt eit solid omfang av àl (malm) i eldgamle laftestokkar.
Med intens innsats var all rekonstruksjon ferdig klokka seks andre dagen.
Onsdag morgon åpenberra seg med pøsregn. Mannskapet var då forsterka med Magne Feigum frå Luster, mannen som ikkje kjenner ordet nei når det gjeld å ta i eit dugnadstak. Jobben hadde blitt svært tung utan denne hjelpa frå ein sterk fjerdemann. Sjølv om takskjegget ikkje var høgt, var dei største hellene tunge å få oppatt og på rett plass på taket for to mann nede.
Blaute og slitne baksa me med tunge heller og spørsmål, like eins som filosofen Wittgenstein gjorde 101 år tidlegare med sine tankar.
Kvifor gjer me dette?
Kvifor restaurere med gamle materialar, og ikkje syne nye, kvite, fine; slike «folk flest» vil sjå?
Kvifor liggjande panel i fronten?
Kvifor stille spørsmål?
Kvifor prøve å svare?
Kvifor kan svaret aldri bli rett?Wittgenstein samla 717 refleksjonar/ spørsmål i Zettel-øskja si, og besvarte sjølv om lag halvdelen.
Halvdelen av svara hans var det motsette av det han meinte var rett.
Me lar spørsmåla gå til lesarane, men ei trøyst frå W kan me ta med: «Det tar enormt lang tid før noe er klart for meg.» (1.5.1930).
Ryddinga avdekka òg eit interessant ”funn frå jarnalderen” i søla framfor døra: jarndelen av ein gamal snedel, spesialreidskapet for hogging av kvist/lauving. Snedelen vart reinska for rust med stålbørsting og innsett med olje. Deretter heta med varmepistol for inntrenging i jarnet, likeeins som når varmen frå gode opplevingar trengjer inn i oss og blir der som substans.
PS: Prosjektet var ikkje ein del av det større Wittgensteinprosjektet. Finansiering av supplerande materialar var ved SMIL-midlar frå Luster kommune.
Løa ferdig-ved stien inn til Wittgensteinhuset. Min gode ven Terje Lium frå Bærum kviler fortent ut etter å ha delteke i dugnad på 12 ulike prosjekt i Luster.