Kr 53.000,- motteke frå sponsor, prof. em. Robert «Bob» Jaeger

Bob, saman med sin partnar Kaaren (1/4 norsk), ba i slutten av oktober i fjor om å få gjeste W-huset. Dette er utanom sesongen, men vår styreleiar Eli stilte velvillig opp som guide. Bob underviste filosofi på Yale på 70-talet, og hadde hatt ein langvarig draum om Skjolden.

Bob og Kaaren vart fasinerte over å sjå W-huset og over å få kjennskap til stiftinga og deira idealistiske arbeid. Dette resulterte i at han gjerne ville fylgje oss og våre tiltak vidare med støtte. Han ba om ein oversikt over økonomiske behov og han fekk ei liste med budsjett for 6 ulike prosjekt me har på gang.

Dette resulterte i den generøse sponsinga. Med sin uttalte interesse for også vårt vidare arbeid har me etablert ein tett og god konstruktiv dialog med Bob, svært inspirerande for framtida.

Forrige
Forrige

Fleire og fleire besøker Wittgensteinhuset i Skjolden

Neste
Neste

Wittgensteinseminaret vitjar Skjolden